blank blank
Planforum 2014
MØTEPLAN OG REFERAT

PLANFORUM

Kva er føremålet med Planforum?
Planforum skal bidra til gjensidig informasjon, drøfting og avklaring av planspørsmål og sektorinteressar mellom kommunar, fylke og sektormynde. Det skal og bidra til betre samordning av ulike interesser og syn, raskare avklåring og ein meir samstemt praksis i plansaker i fylket. Planforum medverkar til å styrke planlegginga generelt og til å redusere talet på motsegner. Forumet er ikkje eit vedtaksorgan.

Vi har laga eit informasjonshefte om bruk av planforum:
Informasjonshefte
Vedleggshefte

Kva type planar?
Drøfting i planforum er særleg naudsynt for kommuneplanane, men og for kommunedelplanar og større reguleringsplanar. Det er ønskjeleg at kommunane kjem i planforum med ein plan minst to gonger; ein gong før planprogram og ein gong før plan­framlegg vert sendt til offentleg ettersyn.

Planforum har tradisjonelt i stor grad teke opp kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar. I tråd med ny plan og bygningslov si styrking av kommuneplanen sin samfunnsdel vil vi no oppmode kommunane om å kome i planforum også med samfunnsdelen. Dei som møter i planforum frå statleg og fylkeskommunale forvaltning vil frå gong til gong verte ulikt samansett alt etter kva type plan det er snakk om. Det er og aktuelt å drøfte kommunale planstrategiar som er innført med ny plan- og bygningslov.

Meld inn saker seinast ein månad før møtedato til Torbjørn Hasund på torbjorn.hasund@sfj.no eller tlf 57 65 62 73. Dokument og problemstillingar skal vere oss i hende seinast 14 dagar før møte. Vi vil sende dei vidare til medlemene i planforum og leggje ut her før møta.

Møteplan 1. halvår 2014
Tysdag 21. januar
Eid kommune - kommuneplanen sin arealdel. NB! Møtet vert halde på Eid
Utkast KU og ROS
Framlegg til føresegner
Møteagenda og problemstillingar
Referat

Onsdag 12. februar
09:00 - 12:00 Høyanger kommune - kommuneplanen sin arealdel
Planomtale
Føresegner
Plankart - oversikt
Plankart Bjordal
Plankart Høyanger
Plankart Ikjefjord
Plankart Kyrkjebø
Plankart Lavik
Plankart Ortnevik
Plankart Vadheim
Notat - problemstillingar
Referat 


12:00 - 15:00 Vik kommune - kommuneplanen sin arealdel
Kartutsnitt gjeldande plan (2005)
Planskildring
KU del A
KU del B
Strandsoneanalyse
Kjerneområde landbruk
Soknevis omtale
Plankart Vik kommune (heile kommunen)
Planutsnitt planframlegg
Referat


Tysdag 11. mars (NB! Opprinneleg dato var onsdag 12. mars, det er no endra)
09:00 - 12:00 Førde kommune, områderegulering Brulandsvellene handelspark
Planprogram
Melding om oppstart
Referat frå møte 27.02.13 med notat frå FM Sogn og Fjordane om kjøpesenterforskrifta
Problemstillingar
Referat

12:00 - 15:00 Gulen kommune - kommuneplanen sin arealdel (ligg ute til offentleg ettersyn)
Link til plandokument
Analysekart Haveland - versjon 2
Presentasjon av planarbeidet
Sakliste og problemstillingar
Referat

Onsdag 09. april
09:00 - 12:00 Aurland kommune - planprogram for områderegulering Undredal
Dokument med link til gjeldande plan
Områderegulering Undredal
Planavgrensing
Nærmiljøplan frå 2007
Rapport frå ideseminar 2011
Referat frå møte med Undredal Grendalag mars 2014
Referat

12:00 - 15:00 Reguleringsplan for skredsikring mellom Vik og Vangsnes
Link til plandokument på Vegvesenet si heimeside
Problemstillingar
Referat med presentasjon

Onsdag 07. mai (NB! Ikkje plass til fleire denne dagen)
10:00 - 15:00 Stryn kommune - kommunedelplan for Langeset - Stryn sentrum - Storesunde
NB! Møtet vert halde i Stryn og med synfaring.
Skildring av planarbeidet og problemstillingar
Kart Stryn sentrum
Kart avlastingsveg sentrum
Kart Langeset
Kart Rise
Kart Vikaleirane
Referat

Onsdag 28. mai
09:00 - 12:00 Hornindal kommune - lokalisering og plassering av framtidige bustadfelt. Planarbeidet er ikkje oppstarta
Problemstillingar
Forklaring til vedlegg
Kart og skisser for aktuelle bustadområde
Oversikt over aktuelle utbyggingsområde
Politisk vurdering av utbyggingsområde
Overordna kommuneplan - samfunnsdelen
Arealdelen med oversiktskart
Klimaplan med vedlegg
Forvaltningsplan for Hornindalsvassdraget
Referat

Onsdag 18. juni
Førde kommune - arealdelen til kommuneplanen. Primo juni er KU og ROS ferdig, og vil til møtet ha klart ei oppsummering med dei viktigaste problemstillingane. Ønskjer å drøfte desse før dei går inn i det avsluttande arbeidet med planframlegget.
KU og ROS nye utbyggingsområde
Førdslia - vegløysing førebels
Tettheitsstudie Førde sentrum
KU for områderegulering
Analyse av handel og byutvikling
Sentrumsutvikling - drøfting i planutvalet
Problemstillingar kommunen ønskjer å drøfte


Møteplan 2. halvår 2014
Onsdag 03. september
Statens vegvesen / Førde kommune. 2 saker: 1. Planoppstart gs-veg langs fv. 484 Vievegen og 2. Planlegging og utbygging av Førdepakken generelt
Notat / skildring av problemstillingane
Referat

Onsdag 17. september
09:00 Vik kommune / Statens vegvesen - reguleringsplan for skredsikring mellom Vik og Vangsnes. AVLYST
12:00 Askvoll og Fjaler - differensiert forvaltningsplan for Flekke og Guddalsvassdraget
Utkast plandokument
Utkast konsekvensanalyse
Utkast ROS-analyse
Plankart
Referat

Onsdag 01. oktober
Sogn og Fjordane fylkeskommune / Gloppen kommune - synfaring og presentasjon av planarbeid på Reed. 10:00 - 15:00
Notat med presentasjon av Pilot Reed og problemstillingar til møtet
Skisse i Målestav 1:10000
Skisse i målestav 1:1500
Handteikna skisse
Referat

Tirsdag 14. oktober. Ekstramøte.
09:00 - 12:00 Sogndal kommune - områderegulering Sogndal vest. Planen er ute til høyring. Frist for fråsegn er utsett til fredag 17. oktober
Problemstillingar
Referat

Onsdag 22. oktober
09:00 - 12:00 Flora kommune - kommuneplanens arealdel
Link til webhotel med utvalde område med kopling til innspel.
Notat med problemstillingar
Kart - gjeldande kommuneplan
Referat

12:00 - 15:00 Naustdal kommune - samfunnsdelen AVLYST

Onsdag 12. november
09:00 - 15:00 Fjaler kommune - kommunedelplan Dale.
Dokument vert berre sendt på e-post til medlemene i planforum
Referat

12:00 - 15:00 Leikanger kommune - samfunnsdelen til kommuneplanen
Råmer for planarbeidet - vedtatt i formannskapet
Utkast til tekstdel
Problemstillingar
Referat


Onsdag 17. desember
Vågsøy kommune - områdeplan Måløy sentrum. Aktuelt med synfaring, i tilfelle vert det berre eit møte denne dagen

 



Skriv ut


Tilbake
Copyright © Sogn og Fjordane fylkeskommune alle rettigheter • Utvikla for PlanNett

 
 
Fagetatar
PlanNett