blank blank
Planforum 2015
PLANFORUM

Kva er føremålet med Planforum?
Planforum skal bidra til gjensidig informasjon, drøfting og avklaring av planspørsmål og sektorinteressar mellom kommunar, fylke og sektormynde. Det skal og bidra til betre samordning av ulike interesser og syn, raskare avklåring og ein meir samstemt praksis i plansaker i fylket. Planforum medverkar til å styrke planlegginga generelt og til å redusere talet på motsegner. Forumet er ikkje eit vedtaksorgan.

Vi har laga eit informasjonshefte om bruk av planforum:
Informasjonshefte
Vedleggshefte

Kva type planar?
Drøfting i planforum er særleg naudsynt for kommuneplanane, men og for kommunedelplanar og større reguleringsplanar. Det er ønskjeleg at kommunane kjem i planforum med ein plan minst to gonger; ein gong før planprogram og ein gong før plan­framlegg vert sendt til offentleg ettersyn.

Planforum har tradisjonelt i stor grad teke opp kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar. I tråd med ny plan og bygningslov si styrking av kommuneplanen sin samfunnsdel vil vi no oppmode kommunane om å kome i planforum også med samfunnsdelen. Dei som møter i planforum frå statleg og fylkeskommunale forvaltning vil frå gong til gong verte ulikt samansett alt etter kva type plan det er snakk om. Det er og aktuelt å drøfte kommunale planstrategiar som er innført med ny plan- og bygningslov.

Meld inn saker seinast ein månad før møtedato til Torbjørn Hasund på torbjorn.hasund@sfj.no eller tlf 57 65 62 73. Dokument og problemstillingar skal vere oss i hende seinast 14 dagar før møte. Vi vil sende dei vidare til medlemene i planforum og leggje ut her før møta.

1. halvår 2015

Onsdag 14. januar
09:00 - 15:00 Førde kommune - arealdelen til KPL. Informasjon om planutkastet og synfaring. Det vart ikkje skrive referat frå møtet
Opplegg for dagen

Onsdag 21. januar
09:00 - 12:00 Statens vegvesen / Jølster kommune - skredsikring rv.5 Kjøsnesfjorden. Overskotsmassar frå tunnel
Notat om massehandtering
Referat

Onsdag 25. februar
09:00 - 12:00 Fjaler kommune - kommunedelplan for Dale
Planskildring og KU
Føresegner
Plankart
ROS-analyse
Problemstillingar
Referat


Onsdag 18. mars
Fjaler kommune - arealdel til kommuneplanen  (AVLYST OG UTSETT TIL ONSDAG 13. MAI)

09:00 - 12:00 Naustdal kommune - Grend +
Høyringsbrev
Politisk sak for høyring
Konsekvensutgreiing for Grend+
Indre Helle
Ytre Helle
Instedalen Fimland
Instedalen Savland
Instedalen Svoa - Vonavatnet
Midtredalen
Reiakvam
Referat

Onsdag 15. april.
Heile dagen i Måløy. Synfaring og møte om områdeplan Måløy sentrum.

Open Form som metode
Områdeplan Måløy - Pilot Måløy
Plankart - 4 utsnitt frå sør mot nord
Tverrbindingar og allmenningar - kartillustrasjon
Plankart markert med utfyllingar i sjø
Veggeometri i Måløy sentrum
Føresegner - utkast
Hamn og næringsliv i Måløy sentrum - faktagrunnlag
Måløy hamn - temaplan
Næring i Måløy sentrum - temaplan

Onsdag 22. april
AVLYST. Det har ikkje kome inn saker til denne datoen

Onsdag 13. mai
09:00 - 12:00 Fjaler kommune - arealdel til kommuneplanen. AVLYST.

Onsdag 20. mai. EKSTRA OPPSETT MØTEDATO
Naustdal kommune - kommunedelplan for Vevring. Plandokumenta ligg ute til høyring. Klokkeslett vert kunngjort i god tid før møtet.
Problemstillingar til møtet

Onsdag 27. mai
AVLYST. Det har ikkje kome inn saker til denne datoen

Onsdag 17. juni

 

2. halvår 2015

Onsdag 09. september

Onsdag 30. september

Onsdag 14. oktober
10:00 - 15:00 Stryn kommune og Statens Vegvesen, 2 saker og synfaring. Møtestad Stryn:

  • Kommundelplan Langeset - Stryn - Storesunde
  • Rassikring Veslebygda - Flo - planprogram

 

Onsdag 28. oktober

Onsdag 18. november

Onsdag 16. desember



Skriv ut


Tilbake
Copyright © Sogn og Fjordane fylkeskommune alle rettigheter • Utvikla for PlanNett

 
 
Fagetatar
PlanNett